Nysirkusforestilling - Macaco - Karmøy kulturskole

Arrangementsinformasjon
Default file 1526457387

Temaet dette året er dyr. Utgangspunkt for produksjonen har vore dyreakrobatikk som basis for utviklinga av forestillingen. Humoren er inspirert av Gary Larson. Forestillingen heiter «MACACO». Macaco er både navnet på ein type apekatt, og eit akrobatikktriks frå Capoeira i Brasil.

I forestillingen er elevane mange forskjellige dyr som lever sine liv i sine habitat, og som gjer fantastiske ting som me mennesker ikkje er klar over.

Elevane viser sine sirkuskunster i mange ulike sirkusdisipliner: sjongleringsball, kjegler, diabolo, flowersticks, akrobatikk, parkour, trapes, ringtrapes, tissue, rep osv. Dette blanda saman med teater, dans og musikk blir eit spanande skue!

sirkus
nysirkus
kulturskole
karmøy
kopervik
dyrefortellinger
blackbox